Abstract
Oppgåva omhandlar monumentale helvetesframstillinger i Toscana og omegn, frå ca. 1260 til ca. 1393. Hovudverka er helvetesframstillingane i følgjande kunstverk:
·mosaikken i Baptisteriet i Firenze, truleg av Coppo di Marcovaldo, frå 1270-90
·fire preikestolar, i Pisa, Siena og Pistoia, av Nicola og Giovanni Pisano, frå 1260-1310/11
·freskane i Arenakapellet i Padova, av Giotto, frå ca. 1305
·fasaden på domkyrkja i Orvieto, av Lorenzo Maitani, frå ca. 1310-30
·freskosyklusen i Camposanto i Pisa av Bounamico Buffalmacco, frå ca. 1330
·freskosyklusen i Sta. Croce i Firenze av Andrea di Cione, frå ca. 1345
·freskane i Strozzikapellet i Santa Maria Novella i Firenze av Nardo di Cione, frå ca. 1351-57
·freskane i Det spanske kapellet til Santa Maria Novella i Firenze av Andrea Bonaiuti da Firenze, frå ca. 1366-68
·freskane i Collegiata i Sat Gimignano av Taddeo di Bartolo, frå ca. 1393, 1408 eller 1413
Kunstverka oppfattast i oppgåva som uttrykk for ei førestillingsverd, og dei enkelte motiva som uttrykk for eit sett av førestillingar. For å forstå desse førestillingane utførast ikonografiske studier av verka. Verka som heilskap, samt dei enkelte motiva, vert sett i relasjon til relevante tidlegare kunstverk, og til eit utval litterært, teologisk og historisk materiale.
Oppgåvas første del er ein presentasjon av verka og dei litterære, visuelle og historiske kjeldene. Første kapittel er innleiinga. I kapittel 2 gjer eg greie for bakgrunnsmaterialet. I kapittel 3 gjev eg ei skildring av dei presenterte kunstverka. Del II er analyse- og tolkingsdelen, som byrjar med kapittel 4 der dei ulike motiva i verka analyserast og tolkast. I kapittel 5 legg eg vekt på verkas plass i eit religiøst system. Her samlast trådane, med tanke på å komme nærare ei forståing av verka sett som historiske, og kulturelt betinga fenomen. Kapittel 6 er konkluderande/ oppsummerande kommentarar.