Abstract
Tema for denne masteroppgåva er flyktningjenter i skulen, og eg ønskjer med dette å setje fokus på korleis jentene sjølve, og lærarane deira, opplev skulekvardagen.
Tema om minoritetsspråklige i skulen er ofte i media, men det er heller sjeldan at elevane sjølve kjem med synspunkt på deira eigen situasjon. Eg har valt å konsentrera meg om flyktningar i små kommunar fordi det kan vera ganske stor skilnad mellom det å koma som flyktning til ein liten kommune, samanlikna med det å koma til meir urbane strøk.
Problemstilling:
Korleis opplever jenter med bakgrunn som flyktningar sin eigen skulekvardag? Kva for tankar har lærarane om desse jentene sin situasjon i skulen?
Spørsmåla i intervjuguiden er konsentrert rundt følgjande tema: trivsel, kultur og den norske skulen, fag og lekser.
Metode:
For å få svar på problemstillinga har eg valt kvalitativt intervju som metode. Dette meiner eg er ein god metode for å få fram den einskildes historie slik eg ønskjer i denne oppgåva. Her er eg i direkte interaksjon med informantane og kan på den måten få ei djupare forståing for deira situasjon. Den overordna metodiske tilnærminga til prosjektet er fenomenologisk og hermeneutisk.
Utval:
Utvalet består av fire jenter og to lærarar. Dei fire jentene går alle på ungdomstrinnet, og dei kjem frå fire små kommunar. Dei to lærarane er, eller har vore, lærar i norsk som andrespråk. Desse to er lærarane til to av jentene eg har intervjua.
Konklusjon:
Det er mange høve som spelar inn når det gjeld korleis desse jentene opplev sin eigen skulekvardag, og korleis lærarane ser på dei same forholda. Ein stor del av datamaterialet går på faktorar som eg har valt å ha under kategorien trivsel. Det går på venner, eller i mange tilfelle mangelen på venner, og det går på rasisme og mobbing. Alle jentene sa at dei på eit eller anna tidspunkt har eller hadde hatt
problem med å få venner, og tre av jentene sa at dei har opplevd mobbing og/eller rasisme. Desse faktorane har stor innverknad på korleis jentene opplever skulekvardagen og det er viktig å sjå dette i samanheng med skulen sine lovpålagte plikter, til dømes slik det står i Opplæringslova § 9a-1 om at alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt
miljø som fremjar helse, trivsel og læring . I oppgåva kjem det også fram ein del faktorar som har med jentene sine opplevingar av meistring. Ein stor del går på det norske språket og utfordringar i skulen i forhold til dette. Trass i at det kan vere ein del utfordringar i skulekvardagen sat eg igjen med eit inntrykk av at jentene er optimistiske og positive når det gjeld framtida.