Abstract
Oppgåva byggjer på eit feltarbeid i Frankrike i 1992-93. I delar av den samfunnspolitiske diskursen blir bøndene oppfatta som konservative og motstandarar av endring fordi dei m.a. vil hindre fri flyt av varer. Samstundes er det kanskje globalisering og visse aspekt ved moderniteten som fører til at ei relativt stor gruppe bønder framleis kan oppretthalde sin eksistens; Nasjonalisme, nostalgi og tradisjonalisme. Tilbake til røttene ser difor ut til å vere ein strategi bøndene kan bruke for å overleve som næring.
Nemningane tradisjonell og moderne er ein dikotomi som blir brukt i den landbrukspolitiske identitetsdiskursen. Det har eg vist ved å sette to geografiske regionar, tradisjonelle Auvergne og moderne Bretagne, oppimot kvarandre og kontrasterar dei. Den fortel både om korleis bøndene, landbruksforvaltning og organisasjonar ser på og omtalar bønder.
Mitt prosjekt har vore å vise vilkåra for franske bønder i ein endra økonomisk og politisk kontekst. Det har eg gjort ved å sjå på korleis dei oppfattar seg sjølve og andre bønder, mellom anna gjennom korleis dei omtalar seg sjølv og andre; Som paysan, agriculteur eller chef d entreprise. Desse nemningane har skifta i takt med moderniseringa av jordbruket, og speglar også trekk ved samfunnsutviklinga, og visse aspekt ved moderniteten. For å få fram den politiske identitetsdiskursen om bønder har eg sett på rollen til dei viktigaste jordbruksorganisasjonane, forvaltninga og politiske styresmakter.