Abstract
I oppgåve "Takt eller utakt?" har eg undersøkt om det er ein samanheng mellom munnlege ferdigheiter og leseferdigheiter i norsk som andrespråk hos fem somalitalande og arabisktalande informantar. Studien er både ein tverrsnittsstudie og ein lengdestudie. Dei munnlege ferdigheitene eg studerte var det spontane ordforrådet g utviklinga av dette. Leseferdigheitene er studerte var tekstforståing operasjonalisert som score på ein lesetest. Resultata frå tverrsnittstudien viste at de informantane som hadde størst spontant ordforråd også var dei som viste best tekstforståing. Når eg undersøkte utviklinga av desse ferdigheitene var ikkje samanhengen like sterk.
Studien viste at dei munnlege ferdigheitene og leseferdigheitene, slik eg hadde operasjonlisert dei, både utvikla seg i takt og utakt. Årsakene til dette er diskutert i lys av sosiokognitivt teori om lesing og læring.