Abstract
Utgangspunktet for denne oppgåva er å undersøke om grunnelement i den israelske tryggingsdoktrinen kan bidra til å forklare det israelske åtaket på Hizballah 12. juli 2006. Sjølv om den israelske leiinga ikkje har definert si tryggingsdoktrine offentlig, argumenterer Rodman (2001) for at det er mogleg å identifisere grunnelement i doktrinen som vil ligge til grunn for den israelske staten sin tryggingspolitikk. For å undersøke dette vert den israelske tryggingsdoktrinen operasjonalisert ved å definere fem grunnelement, med utgangspunkt i Handel (1973) sin studie av den israelske politisk-militære doktrinen.
Ved å kartlegge israelske vurderingar før og under Julikrigen, undersøkjer oppgåva om ein kan finne indikasjonar på at grunnelementa i den israelske tryggingsdoktrinen kan bidra til å forklare det israelske åtaket på Hizballah. Det vert også lagt vekt på utvalde regionale aktørar sin posisjon i forhold til Israel, særleg Hizballah, Syria og Iran. I tillegg vert det nære forholdet mellom Israel og USA diskutert i forhold til krigen.
Oppgåva tek utgangspunkt i nyrealismen sine føresetnader om korleis den anarkiske systemet påverkar aktørar sin oppførsel, men bruker desse føresetnadane hovudsakleg på det regionale nivået.
Oppgåva argumenterer for at sjølv om Israel ikkje lenger oppfattar seg sjølv som ein isolert stat, kan særleg grunnelementa i den israelske doktrinen som omhandlar Israel sitt krav om militær dominans i regionen, og den eksistensielle trusseloppfatninga til staten, bidra til å forklare det israelske åtaket på Hizballah 12. juli 2006. I tillegg vert Julikrigen rekna som ein indikasjon på at tradisjonen for bruk av militærmakt i møte med potensielle motstandarar framleis står sterkt, og at tryggleik framleis vert prioritert framfor kompromiss som kan føre til langvarige fredsavtalar. Oppgåva argumenterer også for at Israel ikkje ville ha gått til krig dersom dette ikkje var godkjent frå amerikansk hald.