Abstract
Born med uttalevanskar er ei heterogen gruppe. Dei er ulike i kor store vanskane er,
grunnen til vanskane, kva som karakteriserer uttalevanskane, i kva grad andre deler
av språket er ramma, i kva grad dei responderer på behandling, og i kva grad
vanskane påverkar personen: nokre ser ut til å ikkje bry seg, medan andre vert
frustrert over å ikkje verta forstått.
Mange av desse borna har ein aldersadekvat uttale når dei startar på skulen. Men har
dei ein underliggande vanske som var årsak til uttalevanskane og som kan visa seg på
andre måtar når dei vert eldre?
Me veit meir om uttalevanskar no enn me gjorde tidlegare, men me manglar enno
viktig kunnskap. Me treng kriterium som tek omsyn til heile barnet og som kan seia
noko om kva tiltak dei ulike borna treng. Ein treng ulike tilnærmingsmåtar, ei enkel
intervensjonstilnærming viser seg å ikkje gje gode nok resultat. Tiltaka må vera retta
mot karakteristiske trekk ved vansken og dette understrekar behovet for ein
differensialdiagnose for uttalevanskar.
Sidan 80-åra har det vore ei vanleg forståing at lese- og skrivevanskar er eit språkleg
problem. Fonologisk medvit har stått sentralt fordi det kan predikera born si tidlege
lese- og skriveutvikling og fordi trening av fonologisk medvit har vist seg å kunna
førebyggja lese- og skrivevanskar. Men det er viktig å også ha fokus på fonologisk
minne.
Fonologisk minne spelar ei rolle på fleire område: utvikling av ordforrådet,
produksjon av tale, leseutvikling, avansert lesing og språkforståing. Kan fonologisk
minne vera ein slik underliggande faktor som gir ulike utslag i ulike aldrar?
Utvalet i denne undersøkinga besto av 12 elevar som alle hadde vorte tilvist PPT for
uttalevanskar i førskulealder. Elevane vart testa med deltestar frå Logos og deltestar
frå Språk 6-16.
Dersom ein samanliknar resultatet i denne undersøkinga med kor mange som har
lesevanskar av born generelt, ser ein at det er ein mykje større del av borna i denne
undersøkinga som har lesevanskar.
Forsking viser at fonologisk minne er viktig både for avkoding og utvikling av
ordforråd. Resultatet i denne undersøkinga tyder også på dette. Elevane som får
resultat som viser eit svakt fonologisk minne viser også vanskar på fleire område.
Dette tyder på at dei ulike faktorane heng saman i ei årsakskjede og at uttalevanskar
og lesevanskar kan vera ulike uttrykk i same vanskebilde.