Abstract
Det overordna temaet for avhandlinga er nynorsk som sidemål på ungdomsskulen. Meir spesifikt blir fritaksregelen i forskrift for opplæringslova §3-6 undersøkt. Denne gir alle som har andre morsmål enn norsk, samisk, finsk og teiknspråk rett til fritak for vurdering i sidemål. I grunnskulen i Oslo i dag utgjer denne gruppa 38 % av elevmassen. Undersøkinga tek sikte på å avdekkje kva haldningar lærarar i Oslo har til regelen, kva sidemålsundervisning fritakselevane får, og kva implikasjonar fritaksregelen eventuelt kan ha for den ordinære sidemålsundervisninga.
Avhandlinga tek eit induktivt utgangspunkt der siktemålet er å innhente informasjon om eit område som er lite vitskapeleg undersøkt per i dag. Empiriinnsamlinga er basert på ei metodetriangulering. Den metodiske tilnærminga til empirien er då både kvantitativ, i form av ei spørjeundersøking distribuert til alle norsklærarane på ungdomsskulen i Oslo, og kvalitativ, i form av djupintervju med fem lærarar.
Empirien som avhandlinga er basert på, viser at dei negative implikasjonane og konsekvensane av fritaksregelen ser ut til å overskugge dei positive ringverknadane regelen eventuelt kan ha for dei elevane som blir fritekne. Grunnane til dette er både knytt til det formelle innhaldet i fritaksparagrafen, og til korleis regelen blir praktisert i skulen. Dei negative implikasjonane er mellom anna at dei ordinære elevane får lågare motivasjon til å arbeide med sidemålet sitt og endå sterkare negative haldningar til nynorskbruk og nynorskbrukarar. I tillegg viser undersøkinga også at fleire av dei som blir fritekne frå vurdering i sidemål, også blir fritekne frå opplæringa. Dette får som konsekvens at mange blir utelatne frå viktig kulturell og språkleg læring. Når elevar ser kor lett det er å få dette fritaket, blir i tillegg legitimiteten til den nynorske målforma lettare undergreven.
Sjølv om intensjonen bak fritaksregelen er å tilpasse opplæringa best mogeleg dei reelle føresetnadene til minoritetsspråklege elevar, ser fritaket likevel ut til å vere meir knytt til faktorar som språkleg bakgrunn og etnisitet. Det er ingen nødvendig samanheng mellom slike faktorar og om/i kva grad elevane treng fritak. Undersøkinga viser at både fritaksregelen og praktiseringa av den bør setjast både på den politiske og didaktiske dagsorden.