Abstract
Denne oppgåva handlar om barnet i norrøn middelalder, og om forhold mellom foreldre og barn i islandsk fristatstid. Som hovudkjelder for oppgåva har eg nytta utdrag frå Íslendingasögur, Sturlunga saga og Byskupa sögur. Dei tre kjeldegruppene representerer tre kulturar i den islandske middelalderen: den gamle vikingkulturen, ein europeisk og aristokratisk kultur og den kristne kulturen. Eg har sett på haldningar til barn i eit kjønnsperspektiv: kva forhold hadde mor og far til jenter og gutar. Og eg har sett på korleis fostring vart praktisert i dei tre kjeldetypene. Eg stiller spørsmål om kor vidt det i kvar kjeldegruppe eksisterte ein norm for kjærleik mellom foreldre og barn, eg søkjer uttrykk for korleis foreldre viste omsorg for barna sine, og for korleis barn vart disiplinert. Eg diskuterer to hypoteser: at det i kjeldene finst haldningar til barn som endra seg over tid, og at det i norrøn middelalder eksisterte forskjellige halningar til barn i forskjellige kulturar i same perioden. Undersøkinga viser at fleire moment styrker begge hypotesene, og at det i Íslendingasögur, Sturlunga saga og Byskupa sögur eksisterte forskjellige normer for kjærleik mellom foreldre og barn.