Abstract
Perioden mellom 1890 og 1910 var skattepolitisk ei interessant tid som var prega av brytningar mellom gammalt og nytt.
Ute i Europa særleg i dei tyske statane og fleire land på kontinentet- skjedde det på denne tida ei oppblomstring innanfor finansvitenskapen som dekka offentleg økonomi (public economics). Dette hadde ikkje minst samanheng med behovet for sosiale reformer og omlegging av skattesystema.
I 1870-åra publiserte økonomane Jevons, Walras og Carl Menger uavhengig av kvarandre avhandlingane som seinare i økonomisk teorihistorie er karakterisert som den marginalistiske revolusjonen. Finansteoretikarane greip desse faglege nyvinningane, og grensenytteteori er frå 1880-åra eit sentralt element i teoribidrag om fordeling av skattebyrder. Postulatet om fallande grensenytte av pengar etter kvart som inntekta veks, er såleis frå denne tida ofte anført som fagleg grunngjeving for progressiv inntektsskatt.
Etter ein periode der det ikkje var praktisert direkte statsskatt her i Noreg, vart det frå 1892 vedteke å innføra direkte inntektsskatt til staten. Gjennom storparten av 1800-talet var staten sine inntekter finansiert gjennom avgifter på omsetning for det meste toll. Denne politikken blei etter kvart sterkt kritisert fordi tollen på nødvendighetsvarer medførte at dei med lavast inntekt betalte ein relativt større andel av inntekta i skatt enn meir velståande (regressiv belastningsprofil på skatten). Innføringa av direkte inntektsskatt til staten var ledd i ein politikk for å trappa ned tollen på nødvendighetsvarer slik at den totale skattlegginga skulle få ein meir sosial profil. Frå 1895 vart den direkte statsskatten gjort progressiv, og spørsmålet om korvidt skatten burde fordelast proporsjonalt eller progressivt med stigande inntekt, vart drøfta blant statsøkonomane.
Fagleg utvikling innanfor finansvitenskapen i Europa som i tid fall saman med ein hektisk skattepolitisk aktivitet i det norske Stortinget, er såleis bakgrunnen for at det i 1890-åra oppstod ein fagleg skattedebatt i Statsøkonomisk Forening og Statsøkonomisk Tidsskrift. Eg vurderer denne debatten som teorihistorisk sett interessant fordi den illustrerer korleis dei marginalistiske nyvinningane påverka tenkinga og utviklinga innan ulike felt av økonomifaget som f eks teoribidrag om skattlegging / fordeling av byrder ved finansiering av offentlege utgifter. Gjennom debatten får vi også presentert ulike skatteprinsipp som var mykje drøfta på denne tida. Dessutan får vi innblikk i teoriformidling frå den tidlege generasjonen av norske statsøkonomar gjennom eit spørsmål som var mykje aktuelt i deira samtid. Vi får vita noko om kva budskap desse økonomane formidla, normer og verdiar dei la vekt på og kor dei hadde sine kjelder til kunnskap. I oppgåva er det vidare lagt vekt på å få fram noko om dei tidlege statsøkonomane sin funksjon / rolle i forhold til det politiske miljøet og samfunnet kring seg.
Metodisk har eg valt å foreta ein relativt grundig gjennomgang av skattedebatten i Statsøkonomisk tidsskrift frå 1890 1910, jf kapittel 4 og 5. Formålet med dette er at synspunkta i tida gjerne vert best formidla når aktørane sjølve får tala . Vi får gjennom dette meir førstehandskunnskap om deira formidling, tenking og normative ståstad i forhold til prinsipp for rettferdig skattlegging.
Kapittel 3 gir ein gjennomgang av teoretiske premissar og teoribidrag som deltakarane i debatten kjende til. Fleire av desse teoribidraga vart drøfta gjennom debatten. I spørsmål som gjaldt skattlegging / offentleg økonomi vart det frå norske økonomar i perioden oftast henvist til bidrag frå Tyskland, Østerrike og Holland.
I kapittel 2 er det gjeve bakgrunnsinformasjon om skattesystemet slik det var ved inngangen til 1890-åra.
Den tidlege generasjonen statsøkonomar var også blant deltakarane i lovarbeidet der skatteprinsipp / skattenormer skulle prøvast i utforminga av praktisk politikk. Frå ca 1900 vart det sterkare fokus på den kommunale inntekts- og formuesskatten. Dette hadde samanheng med behovet for offentlege investeringar i bl a infrastruktur i kommunane. Det vart gjennomført betydeleg auke i den kommunale skatteutskrivinga gjennom 1890- åra for å få slike tiltak finansiert. Kommunane hadde sjølv høve til å fastsetja trekkprosenten (det kommunale skatteøret). I oppgåva er det synt at det ca år 1900 var oppstått store forskjellar mellom kommunane ved skattlegginga. Kommuneskatten var basert på det degressive prinsippet (skattefritak for inntekt tilsvarande eksistensminimum og proporsjonal skattesats på inntekt over dette). Kommunane var likevel gjevne betydeleg handlingsrom ved fordelinga av byrda ved kommuneskatten, og somme kommunar innretta skattlegginga slik at det i praksis var dei høgaste inntektene som vart belasta. Særleg i ein del bykommunar synte rikfolk misnøye med den kommunale skattefordelinga. Det vart sett fram krav om lovfastsett maksimalt kommunalt skatteøre og innskrenkingar i det kommunale sjølvstyret. Nemnde forhold vart ein sentral del av skattedebatten i 10-året fram til landet fekk ny skattelov i 1911 og er omhandla i kapittel 5 og 6.
Dersom vi går ut frå ei hypotese om at fødselen av dei moderne, skandinaviske velferdsstatane skjedde ved innføringa av alminneleg røysterett eller folkestyre, vil ordskiftet mellom statsøkonomane i perioden 1890 1910 ha spesiell interesse med tanke på i kva grad økonomane ytte faglige bidrag til den byrjande utviklinga av velferdsstaten. Behandlinga av skattane utgjer den heilt sentrale delen i læra om finansiering av offentlege / kollektive goder og tiltak. Skatteevneprinsippet vart gjennom skattelovkomiteen si innstilling frå 1904 offisielt fastslått som overordna prinsipp for norsk skattepolitikk. Skatteevneprinsippet sin frammarsj fall i tid saman med innføringa av alminneleg røysterett i landet, jf kapittel 7.