Abstract
Masteroppgåva handlar om disiplinering av elevar ved nokre skular i Tanzania. Eg tek utgangspunkt i eit seks månader langt feltarbeid i Moshi. Der var eg hovudsakleg ved ein privat vidaregåande skule. Storparten av informantane høyrer til den etniske gruppa chagga.
Oppgåva viser korleis klede og språk er former for disiplinering. Språk er ein viktig del av utdanninga. I tanzaniansk vidaregåande skule er engelsk undervisingsspråk. Eg meiner den språklege disiplineringa hovudsakleg føregår på swahili medan det faglege innhaldet blir formidla på engelsk. Dessutan er kodeveksling og kodeblanding vanleg. Oppgåva tek opp korleis denne vekslinga også medfører ei veksling i sosiale felt og kontekstar. Disiplinering og straff er underordna makt, som i desse formene er eit gjennomgåande tema. Ein form for maktbruk som blir mykje nytta i både heim og skule er fysisk avstraffing. Eg viser korleis smerte heng att i hugset og fungerer som ein inkorporerande praksis. Med Durkheim kan vi seie at smerte er eit totem som blir skrive inn på kroppen.
Til sist tek eg opp religion i forhold til moral, kjønnsroller og straff. Fleire brukar religion for å rettferdiggjere fysisk straff. Det står mellom anna i Salomos ordtøke korleis ein skal bruke fysisk straff for å fostre opp barnet. Religion inngår i diskursen som definerer fysisk straff. Slik straff er også sanksjonert gjennom lova. Dessutan har fysisk avstraffing røter i både lokal chagga-historie og frå kolonitida under tysk og britisk herredømme. Eg ser også på overordna strukturar ved det tanzanianske samfunnet som kan vere med på å forklare frekvensen av fysisk straff. Etter det eg har erfart gjev ikkje slik straff varige traume for dei som blir straffa. Eg tek sikte på å forstå kvifor det er slik.