Abstract
Denne oppgåva består av ei omsetting av utdrag frå romanen Rose Brouillard, le film av Jean-François Caron, og ein kommentar til denne. I kommentaren presenterer eg forfattaren og verket, før eg tar for meg rytmen i teksten som eit stilistisk trekk eg har vurdert som viktig for omsettinga. Vidare følger ein diskusjon rundt språk: språknormer, munnleg språk og det å leike med språket. Til slutt trekker eg fram dei tilfella kor eg var i tvil om eg skulle omsette eller ikkje, og eg argumenterer for dei forskjellige vala eg har tatt.