Abstract
I denne oppgåva har eg omsett og kommentert tre tekstar frå Clemens Meyers tekstsamling Gewalten. Ein Tagebuch: ”Gewalten”, ”German Amok” og ”Der Fall M”. Hovudvekta i kommentardelen ligg på utfordringane ved å omsetje Meyer sin stil. Før omsetjingane har eg skrive ei innleiing, der eg presenterer forfattar og verk, med tematikk og stiltrekk i fokus. Etter omsetjingane introduserer eg nokre teoretiske rammer for kommentaren, med utgangspunkt i Jean Boase-Beiers omgrep om kognitiv stil (mind style), tvityding og framandgjering, og Roger Fowlers tankar om stil som språkvariasjon; sosiolekt, idiolekt og dialekt, og fleirstemtheit, og korleis dette kjem til uttrykk i ein tekst, før eg går vidare med å snakke om omsetjinga av stiltrekka i tekstane. Først tek eg for meg stiltrekk knytt til grammatiske strukturar, så ordval og kulturelle referansar som alle seier mykje om både tematikk og forteljar. Til slutt kjem eg inn på omsetjinga av tittelen ”Gewalten”.