Abstract
Denne masteroppgåva handlar om gutar på yrkesfag sine haldningar til skriving. Her er det då særleg fokusert på kva rolle karakterar spelar i eit skrivearbeid, i kva grad elevane opplever at skrivinga er nyttig, og om elevane opplever å ha kontroll med karakterutfallet. I tillegg står elevane sine prioriteringar av skrivearbeid svært sentralt. Dette er tema som det i svært liten grad har vorte arbeida med i tidlegare forsking. Dette er med på å gjera studien interessant, men det gjer òg teoriforankringa noko krevjande. Eg har valt å ta utgangspunkt i motivasjonsteori og ser her på Atkinson sin teori om prestasjonsmotivasjon, Bandura sin teori om forventning om meistring, og attribusjonteori. I tillegg dreg eg inn kva som kjenneteiknar den norskfaglege teksten, bruk av lærarkommentarar, skriving i yrkeslivet og skriving som grunnleggande ferdigheit. Oppgåva sin intensjon er å seia noko om kva som kjenneteiknar yrkesfagselevane som skrivarar. Studien var i utgangspunktet ein intervensjonsstudie der hensikta var å undersøka korleis tilbakemelding og omskriving av tekst påverka elevane si forventning om meistring. For å undersøka dette gjennomførte eg semistrukturerte og individulle intervju av nokre gutar på vg1 elektro. Gutane blei intervjua to gonger, både før og etter intervensjonen. Diverre var det ikkje dekning i datamaterialet for å seia noko om den opphavlege problemstillinga, og det blei difor naudsynt med ei endring av fokus. Studien tek likevel utgangspunkt i desse intervjua, som har bidrege med eit rikt materiale til oppgåva i sin noverande form. Det kanskje viktigaste funnet i studien er at gutane ikkje er særleg interesserte i korleis dei kan gjera tekstane sine betre. Dei er meir oppteke av kvifor dei skal ta seg bryet med å gjera tekstane betre. Me ser at gutane opplever at skrivinga som skjer i norskfaget har liten nytteverdi, og i liten grad kan overførast til skriving i yrkes- eller kvardagsliv. Vidare ser me at det fyrst og fremst er karakteren gutane er oppteke av. Likevel opplever ikkje gutane ein svak karakter som noko nederlag. Elevane gir òg uttrykk for at dei i stor grad sjølv har kontroll med kor godt eller dårleg dei gjer det på eit skrivearbeid, og dette handlar i stor grad om dei prioriteringane dei gjer. Elevane meiner at dersom dei prioriterer skrivearbeidet høgt, vil dei òg få gode resultat. Når gutane likevel ikkje vel å prioritera skrivearbeid, er dette fyrst og fremst ein konsekvens av at skriving har låg verdi for dei.