Abstract
I 1946 skreiv Alfred Hauge eit utmeldingsbrev på 20 sider til Norsk Kristelig Forfatterlag. Eitt år etter var forfattarlaget oppløyst, meir eller mindre på grunn av Hauges brev. Innhaldet i utmeldingsbrevet, og den kritikken Hauge i åra etter retta mot delar av den kristne diktinga, botna i ei djup usemje om kva kristen dikting skulle vere. Det kristen-litterære krinslaupet var prega av kristen populærlitteratur – formellitteratur i sin rette forstand, der forkynninga er målet og forma og innhaldet kun underordna verkemiddel. Hauge gir i kronikkar og artiklar frå 1940- og 50-talet uttrykk for at den kristne formellitteraturen representerer eit syn på kunst og kultur, og på mennesket og tilværet, som han ikkje kan stå inne for. For han var kunsten eit mål i seg sjølv. Samtidig kritiserer han den kristne populærromanen for å gi eit idealisert og lite røyndomsnært bilde av samfunnet og menneska som lever i det. Gjennom ei samanlikning av ein av Hauges seinaste romanar, Perlemorstrand (1974), og Sterke viljer (1970), skrive av Lars Rustbøle, undersøker Kunstnar først, kristen så? kva som faktisk skil Hauges litteratur frå den litteraturen han kritiserte. Rustbøle skreiv kristen underhaldningslitteratur og representerer dermed den gruppa med forfattarar som Hauge valde å lausrive seg ifrå. Først blir det gjort ei samanlikning av dei to romanane med utgangspunkt i typiske kristen-litterære trekk. Korleis bryt Perlemorstrand med dei trekka som kjenneteiknar den kristne populærromanen? Deretter blir dei to romanane drøfta i lys av Hauges eigne krav til diktinga, som igjen blir kopla opp mot estetiske vurderingskriterium for kunst, kriterium knytt til kompleksitet, originalitet og røyndom. Til slutt i hovuddelen kjem det nokre refleksjonar over problemstillingar som har dukka opp undervegs i teksten.