Abstract
Føremål: Muskel- og skjelettplager (MSP) er utbredt i Noreg, med store konsekvensar både samfunnsøkonomisk og i eit folkehelseperspektiv. Desse plagene heng statistisk saman med personlegdomstrekk, med nevrotisisme som det viktigaste trekket. Då personlegdomstrekk er robuste og stabile over tid i vaksen alder utgjer dei sannsynlegvis eit vedvarande sett av sårbarheits- og resiliensfaktorar for MSP. Dette er viktig å utforske i eit helsepsykologisk perspektiv, sidan potensielle funn kan vere av betydning for førebygging, utredning, behandling og oppfølging av MSP. Denne hovudoppgåva undersøkte (1) samanhengen mellom trekket nevrotisisme og MSP, samt kva fasettar ved nevrotisisme som var mest utslagsgjevande for denne samanhengen; og (2) miljøinnverknader og genetisk underliggande bidrag i relasjonen mellom nevrotisisme og MSP. Metode: Datamaterialet er henta frå prosjektet «Personlighet, helse og livskvalitet. En tvillingstudie», innsamla i eit forskingssamarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo. Det populasjonsbaserte utvalet bestod av 1516 likekjønna tvillingar fødd i perioden 1945-1960, og var tilfeldig uttrekt frå Nasjonalt tvillingregister ved Folkehelseinstituttet. Måleinstrumenta NEO Personality Inventory Revised og Giessen Symptom Checklist vart brukte for å måle respektive personlegdomstrekk og MSP. For å undersøke forskingsspørsmåla vart det gjennomført faktoranalyse, korrelasjonsanalyse, regresjonsanalyse og biometrisk analyse. Bakgrunnsvariablane kjønn, utdanning og eigenrapporterte helseindikatorar vart kontrollerte for i studien. Resultat: Éin underliggande prinsipalkomponent forklarte om lag halvparten av samvariasjonsstrukturen i MSP. Interkorrelasjonane til MSP var signifikante og jamt over moderate i storleik. Nevrotisisme hadde signifikant statistisk effekt på MSP, og bidrog om lag like mykje som alle bakgrunnsvariablane (kjønn, utdanning og indikatorar på generell helse) til saman (total forklart varians i området 25-33%). Fasetten angst (N1) hadde størst effekt på MSP, etterfølgt av depresjon (N3). Biometriske analysar viste at fleire genetiske og ikkje-delte miljømessige komponentar verkar inn på angst(N1), depresjon (N3) og MSP, og relasjonen mellom desse fenotypane. Omtrent halvparten at den totale genetiske effekten som bidrog til varians i MSP var delt med nevrotisisme-fasettane, medan svært lite av den totale individ-spesifikke miljøkomponenten som bidrog til varians i MSP var delt med fasettane. Konklusjon: Interkorrelasjonen til MSP tyder på at felles komponentar som er uavhengig av bakgrunnsvariablane og personlegdom verkar inn på MSP, samstundes som spesifikke komponentar også er innverkande. MSP tolkast å både representere sjølvstendige kroppslege lokalisasjonar og henge saman til ein viss grad. Den einskilde underliggande prinsipalkomponenten som forklarer om lag halvparten av samvariasjonsstrukturen i MSP antyder at smerterapportering ikkje berre er påverka av spesifikke og lokale faktorar. Dette er i tråd med tidlegare forsking som viser at menneske sine eigenrapporterte helseplager i begrensa grad samsvarer med funn frå objektive, biomedisinske undersøkingar. Resultata indikerer at nevrotisisme er eit viktig bidrag til den forklarte variansen i MSP, der fasettane angst (N1) og depresjon (N3) viste robuste effektar. Samstundes er det mange andre faktorar også har innverknad på MSP. Biometriske analysar belyser kompleksiteten i relasjonen mellom nevrotisisme og MSP. Den genetiske komponenten sin innverknad på relasjonen mellom nevrotisisme og MSP indikerer at det er snakk om felles mekanismar, noko som er i tråd med symptompersepsjonshypotesen og psykosomatikkhypotesen. Samstundes verkar ikkje dei tradisjonelle forklaringsmodellane for samanhengen mellom nevrotisisme og MSP å strekke heilt til, då dei nyanserast gjennom felles og unike individ-spesifikke miljøbidrag samt unik genetisk sårbarheit.