Abstract
Samandrag: Føremål: Føremålet med denne masterstudien er å bidra til auka fokus på problematikken kring overføring av kunnskap mellom to læringsarenaer, klinisk ferdighetssenter (KFS) og klinisk praksis, for sjukepleiestudentar Teoretisk forankring: Studien er teoretisk forankra i situert læringsteori slik den er skildra av Lave og Wenger (1991) og Vygoskij (1978). Metode: Studien er ein kvalitativ studie med eit utforskande design. I denne studien er det nytta gjenbruk av datamateriale. Datamaterialet tilhøyrer ein større doktorgradstudie som denne masterstudien vart knytt til. Datamaterialet er to fokusgruppeintervju og til saman 18 individuelle intervju med ni sjukepleiestudentar rekruttert via ein utdanningsinstitusjon. Intervjua er analyserte med ei hermeneutisk tilnærming. Analysen er inspirert av Kvale og Brinkmann (2009) sitt framlegg til ein sekstrinns analyse. Resultat: Funna i denne studien tyder på at studentar jamt over meiner det er positivt å øva på ferdigheiter i KFS før dei skal ut i praksis. Studien har resultert i fire hovudkategoriar: Tid- og lærarressursar i KFS, indre faktorar som påverkar læring i KFS, kjensla av å vera budd til praksis og samhandling med andre. Konklusjon: KFS og praksis kan aldri bli heilt like, til det er praksis for kompleks. Funna tyder likevel på at KFS kan bidra til at studentane kjenner seg budde til praksis. Det kan sjå ut til at det skjer ei overføring av kunnskap mellom læringsarenaene. Det er difor essensielt å sikra at kunnskapen som vert overført er korrekt.
Abstract: Purpose: The aim of this study is to contribute to increased focus on issues regarding transfer of knowledge between two learning contexts, clinical skill centre and clinical practice, for nursing students. Theoretical framework: The study is theoretically grounded in situated learning theory as described by Lave and Wenger (1991) and Vygoskij (1978). Method: This is a qualitative study with an explorative design. The data belongs to a larger study, to which this master thesis is connected. This study is therefore reusing data collected by another scientist. The data consist of two focus interviews and a total of 18 semi-structured, individual interviews with nine nursing students recruited through an educational institution. The interviews were analyzed with a hermeneutic meaning interpretation inspired by the six-step analysis described by Kvale and Brinkmann (2009). Results: The findings of this study suggest that students in general are satisfied with simulation training. The study has resulted in four main categories: Resources in the clinical skill centre, factors which affect the learning outcome in the clinical skill centre, feeling prepared and interaction with others. Conclusion: The clinical skill center can never become completely identical to clinical practice. The findings indicate however that training in clinical skill center help students prepare themselves for clinical practice. There seems to be a transfer of knowledge between the two learning arenas.