Abstract
Kvart år er snøskred observert nær, eller i Longyearbyen, den største tettstaden på Svalbard, og gjer ei kontinuerleg utvikling av risikohandtering, gjennom forskning og erfaring, høgst relevant. I denne oppgåva er fire snøskred frå vintersesongen 2015-2016 undersøkt og kartlagt med terrestrisk laserskanning. Dataene frå dette, overflatemodellar med høg oppløysing, er bruka til validering av den to-dimensjonale numeriske snøskredmodellen RAMMS. Ved analyse av utløpssimuleringar i RAMMS er eit avgrensa sett parametrar som styrer utløpslengde av snøskred og skredtrykk mot konstruksjonar validert. Studien syner at RAMMS er eit nyttig verkty for å reprodusere utløpslengder av snøskred og skredtrykk mot konstruksjonar for det arktiske Svalbard. Med vidare arbeid og eit større datasett, kan ein utvikle retningsliner for friksjonsparametrar i RAMMS til bruk i risikokartlegging, vernetiltak mot snøskred og snøskredvarsling.