Abstract
Reguleringsplanen for Ringhovdstølen i Ål kommune gjeld ei privat utbygging der det skal leggjast til rette for fem nye hyttetomter i eit seterområde ca. fem km nord for Torpo sentrum. Buskerud fylkeskommune registrerte området og det vart funne to kolgroper, begge låg aust i planområdet. Kolgroper som har blitt undersøkt i Ål tidlegare, har forskjellig form, både runde og firkanta. Kolgropene på Ringhovdstølen ser ut til å vera firkanta, men det er vanskeleg å seie ut i frå prøvestikk. Det er registret jernvinneanlegg i nærleiken av gropene, utanfor planområdet, det er derfor sannsynleg at kolgropene har samanheng med framstilling av jern. Treslaga i kolprøva frå R1 var bjørk og furu. Prøva frå R2 hadde kun bjørk, denne vart datert til 980-1160 e.Kr., altså vikingtid / tidleg middelalder. Resultata frå undersøkjingane av kolgroper i Ål kommune i 2004 og 2005 viste at dei fleste dateringar samla seg innanfor 900-1250 e.Kr. Dateringa av R2 passar godt med tidlegare resultat.
Prosjektleder: Lil Gustafson.