Abstract
Bakgrunn: Psykiske lidingar er vanleg i den generelle folkesetnaden. Historisk sett har det vorte oversett at dette også inkluderer menneske med autismespekterforstyrring (ASF) og psykisk utviklingshemming. I motsetnad til dette tyder forsking på at førekomst av psykisk liding er høgare hjå menneske med ASF og psykisk utviklingshemming enn i den generelle folkesetnaden. Blant dei mest hyppige førekomne lidingane er angstlidingar. Svekka språkfunksjon og kommunikative evner er eit viktige aspekt ved ASF og psykisk utviklingshemming. Det er forska svært lite på samanhengen mellom språkfunksjon og symptom på angst hjå menneske med både ASF og psykisk utviklingshemming. Denne studien tek sikte på å undersøkje denne samanhengen. Det vil også bli undersøkt om det førekjem moderatoreffektar av kjønn og/eller grad av psykisk utviklingshemming. Metode: Studien er ein del av ein multisenterstudie (AUP) på psykiske tilleggslidingar hjå menneske med ASF og psykisk utviklingshemming. Multisenterstudien er eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalt kompetansesenter for Nevroutviklingsforstyrrelser og Hypersomnier (NevSom) og åtte behandlingssentre i Noreg med spisskompetanse innan psykisk helsevern og habiliteringstenester for menneske med ASF og psykisk utviklingshemming. Datainnsamlinga i multisenterstudien har pågått sidan 2010 og er planlagt at skal vare ut 2020. Denne studien har basert seg på ferdig innsamla data frå multisenterstudien, og har eit ikkje-eksperimentelt design kor det er nytta kvantitative analysar. Talet på deltakarar i studien er 194, og alle har blitt diagnostisert med ASF og psykisk utviklingshemming. Som mål på språkfunksjon er det nytta skårar frå kommunikasjonsdelen til ei norsk-oversett utgåve av Vineland-II. Det er nytta to skalaer frå screeningsintrumentet Psychopathology in Autism Checklist (PAC) som mål på identifiserbare angstsymptom hjå utvalet, skalaen for angst og skalaen for generelle vanskar. Resultat: Det vart ikkje funne noko signifikant samanheng mellom språkfunksjon og skalaen for angst. Det vart funne ein svakt negativ, signifikant samanheng mellom språkfunksjon og skalaen for generelle vanskar. Analysane viste vidare inga signifikante moderatoreffektar av kjønn eller grad av psykisk utviklingshemming, og effektane er svake. Konklusjon: Resultata i studien tyder på at det ikkje føreligg tydeleg samanheng mellom språkfunksjon og identifiserbare angstsymptom hjå utvalet, ei heller frå kjønn eller grad av psykisk utviklingshemming. I den grad skalaen for generelle vanskar utgjer eit godt mål på identifiserbare angstsymptom, kan resultata her peike i retning av at auka språkfunksjon predikerar færre angstsymptom hjå utvalet, men samanhengen er svak. På bakgrunn av våre funn og den generelt manglande forskinga på menneske med både ASF og psykisk utviklingshemming, synest det viktig å halde fram med forskinga på feltet. Sett i ljos av at dette er ei sårbar gruppe med høg førekomst av komorbide psykiske lidingar, er det vesentleg med meir kunnskap, betre førebygging og meir effektive intervensjonar.