Abstract
Iverksetting av miljøprogram i Norge og Sverige etter inngåelse av avtale om reduksjon av forureining til Nordsjøen.
Studie og samanlikning av miljøtiltak for landbruksnærina ved Haldenvassdraget og Laholmbukta
Oppgåva er avgrensa til å gjelda to lokale program vart igangsatt for å redusere avrenning av næringsstoff frå landbruket i Haldenvassdraget (Norge), og ved Laholmbukta (Sverige). Det norske programmet er Landbruksprosjektet, og det svenske er Laholmprogrammet. Landbruksprosjektet var kortvarig med start l.februar 1990, og slutt 30.april 1993. Laholmprogrammet vart lansert i 1987, og er i 1996 ikkje avslutta. Programma er like, fordi målsetjingar nasjonalt og til ein viss grad lokalt, er del same. Eg vil prøva ved ei komparativ samanlikning å finne kva variabler som er like og ulike, og om muleg finne ut korleis dette har påvirka gjennomføring av programma. Den variabelen som er antatt mest ulik er kommunikasjon og informasjonsstrategi. Å gi informasjon er eit positivt virkemiddel i iverksetjingsøyemed, fordi det bidrar til å gi bøndene nødvendig kunnskap om tiltak og fordreining. Dårleg kommunikasjon kan gjera at bøndene ikkje veit nok om forureining og kve som er årsak til den. Riktig valg av informasjon frå det offentlege kan gi bøndene større kunnskap om forureininga, og kve del kan Sera for å redusere avregninga av næringsstoff. Eg vil undersøke kor viktig informasjonsvariabelen er i iverksetjinga. Ei hypotese kan utformast:
Er ein god dialog mellom det offentlege og målgruppa med ein godt tilpassa inforrnasjonsstrategi, viktig for å påvirka bøndene til å verta meir miljøbevisst? Riktig valg av informasjon frd det offentlege kan gi bøndene større kunnskap om forureining, og kva dei kan gjera for å redusera avrenninga fra sin åker. Informasjonen er viktig i ein læringssituasjon der bonden er elev, og det offentlege er læraren. Den er vittig for å motivera båndene til å iverksetja tiltak, fordi deiforstdr at deira atferd er viktig for å forbetra miljøproblema.
Spørsmål som vert stilt i problemstillinga og mini-svar
Oppgava vil prøve å gi svar på spørsmåla nedenfor. Det er antyda svar men desse er korte samanlikna med det del opprinnelig er i oppgava.
Kva faktorer i iverksetjingsstrukturen har påvirka implementering og utforming av programma? Kva er valgt av virkemiddel og tiltak, kva er likt og ulikt (Sverige og Norge)? Ei utforming av eit program vert påvirka av fleire forhold. Fyrst og fremst er den avhengig av kontekst og samfunnsforhold. Av spesiell betydning har målgruppa sin status som premissleverandørar, og her skil dei to casa seg frå kvarandre. Bøndene i Haldenvassdraget er ei meir homogen målgruppe og har ein meir etablert forhandlingsposisjon enn kolegaene i Laholmområdet. Medvirkande grunner til dette er delvis offentleg desentralisering, lokaldemokrati og medbestemmelse. I Laholm har bøndene ein mykje svakere posisjon som interessegruppe, til tross for at del er fleire i antal. Samtidig ser ein at målgruppa ikkje er homogen, men at det var fleire ulike aktører med ulike interesser. Den svake stillinga bøndene har kan stillast i samanheng med offentlege tradisjon med sentralisering og offentlig planleggjing.
Kva respons har programma fått av bøndene? Har bøndene utferd tiltaka i praksis? Bøndene slutta opp om tiltaka, men i og med at programma var ulike med henblikk på om del var bindende eller ikkje, hadde og bøndene forskjellige motiv for å delta. I Landbruksprosjektet var oppslutninga aukande i prosjektperioden, fordi bøndene var nysgjerrige. Lokale grendelagsmøter skapte samhold. Alt dette medførde at målgruppa sjølv oppsøkte informasjon, som del seinere bearbeida i sin eigen læringsprosess. God informasjon og muligheit for diskusjon og rådgivning frå andre gjorde at bøndene gjennomførde tiltaka. Dette har medførd at bøndene har fått meir kunnskap om forureiningsproblematikk og jordbearbeidingsmetodane sin betydning for avrenning. Også Laholmprogrammet hadde god oppslutning om tiltaka i prosjektperioden. Men samtidig ser ein at det har åpenbart seg interne stridigheiter i målgruppa t.d. på grunn av forskjelsbehandling så som at skogbruket ikkje er inkludert i programtiltaka. Det har oppstått kommunikasjonsproblem mellom aktørene i området. Dette, i tillegg til ein del andre problem har berre forsterka interessemotsetjingane som låg latente i målgruppa.
Kva har eventuelt skilnader i forvaltningssystem og iverksetjingsstruktur hatt å sela for at det eine programmet er betre mottatt enn det andre ner det deld resultat og måloppnåing? Er kommunikasjon mellom det iverksetjande organet og bøndene elt kritisk punkt i iverksetjingsprosessen? Det viktigaste virkemiddelet i Landbruksprosjektet var dialog og informasjonsutveksling mellom det offentlege og bøndene. Det synte seg å fungere bra a inkludere bøndene i utforming og iverksetting av programmet. Informasjon og aktiv deltagelse gav bøndene større kunnskap, ikkje berre om tiltaka som skulle iverksetjast, men og generelt om fordreining, erosjon og resultata av programma. Stor betydning hadde og hyppig møteverksemd for utveksling av informasjon og dialog mellom aktørene. I Laholmprogrammet fins det ikkje noko tilsvarande fora der målgruppa kunne møtast for å få informasjon og diskutere seg imellom. Eit slikt forum var det ildne rom for i ein sentralisert iverksetjingsstraktur. Slike fora hadde truleg samla bøndene og skapt samhold, og gjort forholdet mellom det offendege og bøndene betre på sikt.