Abstract
Endring nedanfrå: Om forsøk på å stanse økonomisk juks i ein politisk ungdomsorganisasjon.
Oppgåva presenterer eit teoretisk rammeverk som er ei kopling av oligarkiteori og eit "strategiperspektiv" , og tar dette i bruk for å analysere forsøk på å ta eit oppgjer med medlemsjuks i ein politisk ungdomsorganisasjon. Oligarkiperspektivet eg nyttar tar utgangspunkt i korleis Ottar Hellevik har presisert omgrepet "oligarki", utifrå korleis Robert Michels skildra det i sin teori om "oligarkiets jarnlov". Strategiperspektivet tar utgangspunkt i Albert O. Hirscman sin bok "Exit, voice and loyality". Utifrå denne presiserer eg ulike strategiar ein som meinig medlem, veljar eller konsument kan nytte dersom ein vil endre sider ved ein organisasjon. Ved å kople dei to overnemnde perspektiva, utviklar eg eit rammeverk for analyse av kva handlingsval ein "opposisjon" har, og kva som kan stå i vegen for at dei lukkast. Dette rammeverket tar eg så i bruk for å studere ein konflikt frå 1992-95 mellom leiinga i AUF i Oslo og ein opposisjon som freista å endre haldningar og åtferd i organisasjonen med omsyn til søknader om offentleg støtte. Utifrå ein hypotese om at opposisjonen ikkje nådde fram fordi leiinga tok i bruk oligarkiske maktmekanismar, går eg systematisk gjennom dei ulike strategiane leiinga kunne nytte, og vurderer i kva grad korvidt oligarkiske mekanismar påverka effekten av kvar av strategiane.
Studiet peikar på korleis ein organisasjon kan fungere i konfliktsituasjonar, og reiser såleis spørsmål om kva høve ein generelt har for å endre haldningar eller åtferd i ein organisasjon "nedanfrå". Desse spørsmåla rettar seg ikkje berre mot forsøk på å hindre økonomisk juks, men også mot korleis organisasjonsdemokratiet fungerer meir generelt. Såleis kan studiet av forsøk på å stoppe medlemsjukset i AUF i Oslo settast inn i eit større makrodemokratisk perspektiv: Ynskjer vi eit demokrati der det som medlem er mogleg å påverke partia nedanfrå?