Abstract
Eg har hatt tilgang til bokmålsmaterialet frå Norsk Ordbank.
Det har leidd meg følgjande:
Eg granskar nøye bøyingsregimet i Bokmålsordboka.
Eg knyt bokmålsleksema til bøyingsgrupper avleidde frå Tabellmaterialet.
Eg gjev ein instrumentell definisjon av ein fleksibel leksemmodell som høver språk med mange variantformer. Til eit leksem høyrer ei leieform og eit varierande tal formendringar som gjev fullformene.
Bøyingsgruppene høver saman med leksemmodellen, og med bakgrunn i
desse definerer eg ein morfologisk konsekvent bokmålstekst. Ved å skissere nokre algoritmer, legg eg grunnlaget for stavesjekkarar som kan teste for morfologisk konsekvens. Eg skisserer seinare korleis ein også kan sørgje for stilistisk eller dialektal konsekvens.
Eg diskuterer bruken av klammer i representasjonen av bokmålsmorfologien.
Eg byggjer ein større modell som rommar alle verba Norsk referansegrammatikk kallar svake verb. Modellen høver godt til morfologiske granskingar i bokmålet, så eg ønskjer meg dataverkty som kan vise fram ein større struktur som husar både bokmål og nynorsk. Modellen høver også tekstkorpusundersøkjingar.
Eg kritiserer Norsk referansegrammatikk for ikkje å gje ei fullgod skildring av for eksempel verba som har fleire tilhøyrande preteritumsformer.
Eg kritiserer referansegrammatikkens leksemmodell, for eg synest ikkje han høver til språk med både langformsinfinitivar (roe) og kortformsinfinitivar (ro).
Eg kritiserer referansegrammatikkens gruppeinndeling av dei svake verba. Ei betre forståing av bokmålsmorfologien kan vi få om vi delar eine gruppa i to.
Eg samanliknar bøyingskodar frå Bokmålsordboka med tilsvarande frå Norsk referansegrammatikk.
Eg implementerer bokmålet i formalismen HPSG. Eg lagar HPSG-typar for
fundamentale grammatiske kategoriar og for leksem og fullformer. Med datamaskin byggjer eg tre regelsett med varierande storleik som representerer bokmålsmorfologien som han er skildra tidlegare i oppgåva.