Abstract
Masteroppgåva handlar om språkkartlegging ved helsestasjonen og korleis dette arbeidet kan vere med på å førebyggje språkvanskar hos barn. Til kartlegginga vert det brukt eit materiale som heiter SPRÅK 4 og som er utarbeidd til bruk ved 4-års konsultasjonen. Problemstillinga i masterprosjektet er Korleis kan SPRÅK 4 vere eit
verkty i arbeidet med å førebyggje språkvanskar hos barn?
Masteroppgåva er bygd på intervju med 6 helsesystrer i ulike kommunar/bydelar som har fått opplæring i og teke i bruk kartleggingsverktyet SPRÅK4. Resultata frå intervjua vert presentert og drøfta i høve til relevant teori, samt ei ekstern evaluering av SPRÅK 4 gjennomført av Rambøll Management i 2005.
For å setje lys på tema som problemstillinga omhandlar, vert verdien av førebygging og tidleg intervensjon framheva. Førebygging og tidleg intervensjon vert i oppgåva sett på som tiltak ein set i verk for å motverke at uønska åtferd eller ferdigheiter får utvikle seg. Meistringsperspektivet er ein viktig del av dette arbeidet.
Helsesyster har ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidet, og dette vert framheva gjennom lover, retningslinjer og føreskrifter. Arbeidet ved helsestasjonen vert i dag gjort ut frå eit utvida helseomgrep der utvikling av barn og unge sine ressursar vert sett i ein heilskapleg samanheng. Barns språkutvikling har fått auka merksemd
og det vert vurdert som positivt at språket vert kartlagd for å kunne setje inn nødvendige utviklingsstøttande tiltak hos barn som har forseinkingar i språkutviklinga. Dette for å unngå at barnet får vanskar i kommunikasjon, samspel, leik og skriftspråkleg utvikling.
I tillegg til å ha eit stort fokus på rettleiing og samarbeid med foreldre, har helsesyster også ei viktig rolle i det tverrfaglege arbeidet med barn. Samarbeid om språkvurdering og tiltak vert sentralt. Verdien av dette er ein auka kvalitet i tilbodet til barn og foreldre.
Intervjua med helsesystrene viste at opplæringa til SPRÅK 4 hadde gjort dei sikrare i å kartlegge og vurdere språket til 4-åringar. Kartlegginga vart meir systematisk og einsretta, og det vart lettare å vurdere språket. Dette fordi materialet i SPRÅK 4 førte til at kartlegginga fekk ei fast form og prosedyre.
Fleire av helsesystrene gjorde skjønsmessige tilpassingar i kartleggingssituasjonen for å gjere det trygt for barn og foreldre. Dette gjaldt rutinar for notering i registreringsskjemaet, noko som kunne gjere at vurderingane vart usikre.
I høve minoritetsspråklege barn, så meinte helsesystrene at materialet til SPRÅK 4 burde tilpassast betre denne gruppa. Det var dessutan store utfordringar i kartlegginga m.a. på grunn av språklege barierar og bruk av tolk.
Samarbeidet med foreldra om språkkartlegginga var positiv, og helsesystrene var medvitne om rettleiingsrolla si overfor dei. Gjennom rettleiinga ønska helsesystrene å gjere foreldra dyktige i å stimulere barnets språk og gjere dei medvitne om sine ressursar i dette arbeidet.
Intervjua viste også at oppstartinga av SPRÅK 4 og ei felles tverrfagleg opplæring saman med personalet frå barnehagar og PPT, førte til at det vart utvikla ein systematikk og formalisering av det tverrfaglege samarbeidet. Særleg var det verdien av å samarbeide med barnehagane helsesystrene trekte fram. Gjennom ei felles vurdering av språket kunne ein då kjenne seg sikrare på at dei rette vurderingane av språket vart gjort.
Samla kan det gjerast konklusjonar om at kartlegging ved hjelp av SPRÅK 4 kan føre til ei førebygging av språkvanskar hos barn. Dette fordi helsesystrene fekk auka kunnskap om barns språkutvikling og eit godt verkty i kartlegginga. Den auka kunnskapen gjorde dei meir medvitne om rettleiingsrolla si overfor foreldra, og gav foreldra innsikt i si viktige rolle i høve språkstimulering. Oppstarting av SPRÅK 4 førte også til at det tverrfaglege samarbeidet om språkvurdering og utviklingsstøttande tiltak vart meir samordna. God kartlegging er ofte ein føresetnad for at tiltak vert sett inn, men tiltaka må også vere gode for å førebygge vanskar.