Abstract
Samandrag
Bakgrunn for undersøkinga
Spesifikke lærevanskar har vore hovudfokuset i dette masterstudiet i spesialpedagogikk. Dei fleste tenkjer då gjerne først og fremst særleg på dysleksi, spesifikke språkvanskar og matematikkvanskar. Hovudfokuset i denne masteroppgåva ligg på ein meir ukjent spesifikk vanske, nemleg dyspraksi/DCD. Dette er ein motorisk vanske som rammar evne til koordinasjon og motorisk aktivitet, men også kognitive funksjonar. Vansken er heterogen og borna blir ramma i ulik grad og styrke og sjeldan likt, men for dei fleste manifesterer vansken seg i utføringsvanskar i ei eller anna form. Korleis kan skulen møte desse elevane slik at dei kan bli forstått og møtt på ein måte som gjer at dei får fram sitt potensiale, utan at meistringstrua avtar og dei utføringsvanskane dei slit med overtar?
Føremål og problemstilling
Føremålet med undersøkinga er først og fremst å setje fokus på ein så ukjent vanske som dyspraksi/DCD er i Noreg. Kunnskap er nødvendig for å forstå. Forståing er nødvendig for at eleven skal bli møtt. Eiga erfaring peikar mot at det er svært lite kunnskap på dette feltet i skulen, samtidig med at WHO opererer med ein prevalens på minimum 6 % av alle barn (Kirby & Sugden, 2007). Dette er ikkje eit samsvar som gagnar eleven med dyspraksi. Ut frå desse tala kan ein slå fast at det set 1-2 elevar med dyspraktiske vanskar i kvart klasserom i landet vårt. For å få svar på spørsmåla mine, har problemstillinga då blitt : Korleis kan skulen leggje til rette for at elevar med dyspraksi/DCD skal oppleve fagleg og sosial meistring?
Teori og metode
Problemstillinga er forsøkt belyst gjennom samtalar med elevar og lærarar med utgangspunkt i ei kvalitativ intervju-undersøking. Resultata frå undersøkinga er drøfta i lys av relevant teori om meistring og dei spesielle utfordringane elevane med dyspraksi/DCD opplever å ha. Korleis opplever eleven med dyspraksi sin skulekvardag og korleis opplever læraren til eleven at ho legg til rette for at eleven skal meistre? Ved å nytte ei fenomenologisk framstilling har ein førsøkt å få tak intervjupersonens synspunkt og avdekke deira livsverd. Det er i tillegg nytta ei form der informantane kjem frå to grupper, både elevar og lærarar kjem tydeleg fram med sine stemmer i prosjektet. Kva historie har dei å fortelje om sin kvardag? Er det samsvar mellom det eleven opplever at han treng og det skulen opplever at dei gjev at tilrettelegging og tilpassing i forhold til dei utfordringane eleven med dyspraksi har? Begge grupper er forsøkt vekta like høgt. Særleg i forhold til marginale grupper der informantane kan vere vanskeleg å få tak i, kan dette designet eigna seg godt. Informantar er henta i samarbeid med Statped Vest og eit PPT-kontor. Då dyspraksi er ein vanske mange enda ikkje kjenner til, var det ei utfordring å finne relevante informantar. Undersøkinga enda til slutt opp med to elevar og to lærarar som informantar som vidare vart brukt i prosjektet.
Teori om dyspraksi/DCD er drøfta, ulike definisjonar er trekte fram og sett i lys av kva konkrete utfordringar desse elevane møter i skulekvardagen, både fagleg og sosialt. I tillegg er det eit sterkt fokus på meistringsteori gjennom heile prosjektet. Korleis kan eleven takle stress og klare å å byggje opp si meistringstru, som først og fremst er ein kognitiv prosess? Teori i seg sjølv har mindre betyding om me ikkje kan anvende han i det verkelege livet og slik sett utvide vår forståing. Det er forsøkt gjort gjennom eit sterkt fokus på informantanes eiga stemme i ei vekselvirkning med teoretiske prinsipp.
Resultat og drøfting
Gjennom drøfting av resultat er det forsøkt å heve materialet frå eit beskrivande til eit meir fortolkande nivå, der eg som forskar ikkje berre kan nytte meg av informantens eigne ord, men også av eigne refleksjonar og tilgjengeleg teori. Det har, trass få informantar, vore eit rikt empirigrunnlag å ta av, og funna er mange og tydelege. Når empirigrunnlaget er så lite som det er her kan ein sjølvsagt ikkje generalisere, men ein kan tillate å sjå på nokre tendensar. Men først og fremst kan ein sjå kva som er sant for disse informantane. Ved å lytte til deira stemme kan ein få fram interessante funn som kan gje oss viktig kunnskap om det å vere elev og ha dyspraksi/DCD. Funna i prosjektet peikar mot konkrete tiltak og verktøy som eleven opplever kompenserer for og lindrer dei vanskane dei har. Men det er også viktige funn som peikar mot kor viktig det er å ha ein positiv relasjon mellom lærar og elev, om trygge rammer, om å gå i elevens tempo og om kor viktig det er å finne eigne meistringsstrategiar som gjev eleven tru på at han skal meistre nye oppgåver. Å takle motstand og stress på ein måte som gjev meistring er avgjerande for eleven. Å søkje å finne mogelege samanhengar mellom dei unges eigne erfaringar og skulens oppleving av kva som gjev meistring, vert vurdert til å vere eit viktig utgangspunkt for å oppdage elevens potensiale og slik sett opne opp for meistring.