Abstract
I denne oppgåva har eg sett nærmare på dei utfordringane læraren står ovanfor med tanke på å skulle innreflektere øving i samband med instrumentalundervisning. Gjennom vekslande bruk av intervjumateriale og relevant litteratur har eg mellom anna tatt for meg områder som ansvar og kompetanse, dialog, motivasjon, og refleksjon. Målet har vore å skape interesse for øving som ein større del av instrumentalundervisninga i den vidaregåande skulen. Ein viktig årsak for utgangspunktet til denne oppgåva er boka «Instrumentalundervisning» av Olaug Fostås (2002), der ho nettopp tek opp øving som ein del av instrumentalundervisninga. Denne boka er også ein sentral del av den litteraturen som er nytta i oppgåva.