Abstract
I denne masteroppgåva ser eg på sakprosaen til Aasmund Olavsson Vinje i eit postkolonialt perspektiv. Eg nyttar teori frå Homi K. Bhabha for å få eit betre grep om den kulturelle identiteten til Vinje, og min hovudpåstand om Vinje er at han med oppstarten av Dølen i 1858 artikulerte eit Tredje Alternativ – ein hybridisert versjon av bondekultur og embetsmannskultur. Det gjer at Vinje kan bidra med ei hybridstemme i den nasjonale forteljinga, men då blir spørsmålet: I kva grad har sakprosaen og hybridstemma til Vinje blitt inkludert i lesebøker for gymnaset opp gjennom historia?
I problemfeltet (kap. 2) grunngir eg kvifor eit postkolonialt perspektiv er høveleg for Noreg på 1800-talet, og i det teoretiske rammeverket (kap. 3) innfører eg norske ekvivalentar til Bhabhas «mimic man» og «mimicry». Dei metodiske spørsmåla (kap. 4) handlar om avgrensingane og leitinga som har ført fram til lesebokmaterialet for hovuddelen av oppgåva.
Sjølve hovuddelen er todelt, med ein kvantitativ og ein kvalitativ del. Den kvantitative delen (kap. 5) er ei historisk kartlegging av korleis utvalet av sakprosatekstar av Vinje i lesebøkene har endra seg over ein periode på 140 år, og der baserer eg meg på gjennomgang av 24 ulike lesebøker. Den kvalitative delen (kap. 6) er ei tekstkritisk saumfaring av korleis grunntekstar med problematisk innhald har blitt redigert og tilpassa ulike nasjonsbyggingsprosjekt av kjende redaktørar som Arne Garborg, David Faye Knudsen og Rolv Thesen. Der tolkar eg korleis redigeringane har påverka hybridstemma til Vinje i tre lesestykke henta frå Ferdaminni.
Det eg har funne ut, er at nynorskleiren og bokmålsleiren har vore usamde i kanoniseringsprosessen. Nynorskleiren har veksla mellom å leggje vekt på det agrare grunnlaget og Vinje som folketalar, medan bokmålsleiren heile vegen har prioritert turistverksemda til Vinje i Ferdaminni. Ein slags konsensus oppstår først i etterkrigsåra.
Den tekstkritiske delen syner at hybridstemma til Vinje har blitt nedtona gjennom redigeringspraksisen til redaktørane, men med ulike resultat. Avhengig av kven som har vore redaktør, har Vinje blitt gjort til talsmann for nasjonsbyggingsprosjekta til norskdomsrørsla, neo-elitistar og sosialistiske nasjonalistar. Kvistinga av Vinje-furua har veksla med noregshistoria, og med Vinje som trevyrke har redaktørane fått fram sine nasjonale forteljingar.