Abstract
I denne oppgåva har eg teke utgangspunkt i åtte reiseskildringar skrivne av seks britar og to tyskarar i tidsrommet 1795–1833. Eg har undersøkt korleis desse utlendingane vurderte produksjon og forbruk i Noreg og Sverige i ein periode prega av store omveltingar politisk, sosialt og økonomisk. På midten av 1700-tallet kom det idear som omhandla luksus i den europeiske debatten. Kjøp av luksusvarer vart synonymt med økonomisk vekst, til dømes skildra fleire dansk-norske embetsmenn innlandsproduserte luksusvarer som bra for økonomien. Ein argumenterte gjerne for at auka sysselsetting kom av produksjonen, medan eit anna argument var at behovet for luksusvarer fekk menneska til å arbeide hardare. Eg synest det er interessant å sjå etter tilnærmingar til produksjon og forbruk, og korleis vurderingar kring dette vart gjort av utanlandske reisande i Noreg og Sverige. Var dei reisande positive eller negative til eit meir marknadsretta arbeidsliv og forbrukskultur? Ser ein endringar i vurderingane, og i så tilfelle korleis skal/kan ein forklare dette? Gjennom arbeidet mitt har eg funne ut at dei reisande generelt stilte seg positive til ei produserande befolkning. Dei var derimot ofte kritiske til det dei oppfatta som overforbruk av nytingsprodukt. Alle dei reisande fremma kunnskap som heilt naudsynt, både innanfor produksjonen og forbruket. Kunnskap førte til ei forbetring i produksjonen, betre framstillingsmåtar og derfor også betre kvalitet på varene. Kunnskap i forbruket gjorde ein til ein kritisk og fornuftig forbrukar.