Abstract
Dette studiet har undersøkt antisemittismen i Hirden si propagandaavis Hirdmannen i perioden 1940-1945. Avisa var knytt til Nasjonal Samling og var såleis klart antisemittisk. Dette er difor eit studie som har søkt å konstruere eit bilete av korleis antisemittismen kom til uttrykk i avisa og korleis den vart nytta. Studiet har sett på både kjenneteikn ved dei ulike antisemittiske førestillingane og kva funksjon den hadde. Gjennom arbeidet med materialet peika det seg ut fire ulike førestillingar, som var særleg viktige i avisa. Det var førestillinga om at det fanst ei jødisk verdssamansverjing, førestillinga om jødane si rolle i England, førestillinga om jødane si rolle i Sovjetunionen og førestillinga om jødane som ein indre trugsel i Noreg. Av desse fire var det førestillinga om ei jødisk verdssamansverijing som peika seg ut som hovudførestillinga. Denne var overordna dei tre andre. Ideen om ei jødisk verdsamansverjing danna grunnlaget for at ein i Hirdmannen kune peike på jødane som hovudfienden til den nordisk-germanske rasa. Denne ideen var det berande elemenet i den antisemittiske propagandaen. Dei tre andre førestillingane vart i Hirdmannen forklart som stråmenn eller kollaboratørar for den jødiske verdssamansverjinga, som hadde som mål å skaffe seg det totale verdsdømme. I organet fann ein eit koda språk der til dømes «jødeplutokratiet» var ein metafor på England og «jødebolsjevismen» var ein metafor for Sovjetunionen, som eigentleg berre viste til at dei arbeida for jødane. Avisa var gjennomsyra av antisemittisk propaganda og den vart nytta til å forklare ulike fenomen i samfunnet. Jødane vart peika på som dei skuldige i krigen. Antisemittismen var i avisa styrt av den historiske konteksten og endrar seg etter skifta i krigen. Ein ser at i tida før invasjonen av Sovjetunionen var England og «jødeplutokraten» den mest viktige fienden, medan «jødebolsjeviken» i Sovjetunionen vart viktig etter operasjon Barbarossa i juni 1941. Dermed var antisemittismen ein fleksibel fordom. Antisemittismen vart nytta til å konstruere jøden etter kva behov det var. Studiet reiser òg spørsmålet om kva Hirdmannen visste om opptrappinga av antijødiske tiltaka hausten 1942. Både kvantitative og kvalitative undersøkingar kan det tyde på at dei visste meir enn det ein har prov på.